
Bygdaklang
Songkoret Bygdaklang vart skipa i 1985 då koret frå Bordalen og koret frå Borstrondi slo seg saman til eitt.
For tida er me 36 songarar.
- Me øver onsdagar i skuleåret, kl 18.30 - 20.45 i Festsalen på Voss Gymnas
- Dirigent er Lars-Erik Haga
Dersom du har lyst til å syngja med oss, ta kontakt med leiar Margun Torget Østrem eller nestleiar Olav Langesæter. Me har inga opptaksprøve.
Haustsesongen starta 20.august 2025, men du kan fortsatt koma som ny songar i koret og sjå om du tykkjer det er noko for deg.
Me vil som vanleg halda jolekonsertar, syngja på sjukeheimar og arrangera "Syng med oss". Det store prosjektet i år vil vera 40-års jubileumskonsert til våren med songar frå kjente muikalar.
Onsdag 24. og fredag 26.september om kvelden vil me ha eit seminar. I tillegg til vår dyktige og inspirerande dirigent kjem songpedagog Christer Aannestad.
Christer Aannestad underviser i "Komplett Sangteknikk" - en sjangeruavhengig metode som har til hensikt å hjelpe både hobbysangere og profesjonelle sangere med å utvide stemmeomfanget, holde lengre fraser, synge mindre anstrengt, få større volum/kraft i stemmen og unngå heshet og stemmeslitasje.
Om du lurer på korleis det høyres ut når me syng, kan du trykke på lenka under. Opptaket er frå den siste konserten med hadde i 2025: "Skifersongen" på Hedleberget som er eit historisk spel i frå skiferdrifta og dagleglivet i Kytesgrenda på 1920/30-talet.