
Bygdaklang
Konsertar
Komande konsertar
Laurdag 25.april 2026. Kortreff på Lofthus. Bygdaklang i lag med 6 andre kor:
Bergen Mannskor, Chorus-80, Eidsvågkoret, Fjellkoret, Haukeland Songlag, Paradur. Du kan høyre og treffe på oss i Ullensvang
- Kl. 12.00 - 13.00: Singers Corner
- Kl. 14.00 - 16.00: Konferansesalen på Hotel Ullensvang
- Kl. 17.30 - 19.00: Ullensvang kyrkje

Tidlegare konsertar
22. mars 2026 "Syng med oss" i Nain. Fri inngang og servering. God, heimelaga mat, loddsal med fine vinstar ogvakker song.
17.desember 2025 i Bolstad kapell, 19.desember i Nain og 21. desember i Vinje kyrkje: Jolakonsertane "JOL over bygda" saman med Strendingen.
5. desember i Kulturhuset var me saman med mange andre lag på festen for å feira at Voss var nominert til Årets kulturkommune i 2025. Her var fleire innslag frå det rike kulturlivet vårt (inkl. frå Bygdaklang!) Dette var og ei feiring av alle dei som gjer Voss til ein stad med skaparglede og sterke kulturtradisjonar.
2.november 2025 "Syng med oss" i Nain. Fullsett sal med vakker song, god mat og fine vinstar
13. og 14.juni 2025 framførte me "Skifersongen" i Hedleberget på Kyte. Nokre bilete frå framføringa (foto: Inger Johanne Gullbrå):




For dei som abonnerar på "Hordaland" kan de lesa ei flott omtale, og også der fine bilete i reportasjen "Skifer, streik og kjærleik – bli med til Hedleberget!"