
Bygdaklang
Konsertar
Ei stund med song, lys og jolefred
Billettar tiI Dale Kyrkje, onsdag 16.desember, kl 19.00
Billettar til Vangskyrkja, fredag 18.desember, kl 19.00
Billettar til Vinje kyrkje, sundag 20.desember, kl 19.00
Musikal konsert våren 2027
Både fredag 9. april og laurdag 10.april vert det ein fengjande, flott musikal konsert i nye Voss Brannstasjon med songar frå Operafantomet, Les Miserables, Skifersongen, Chess, Mamma Mia.
Tidlegare konsertar
18. oktober 2026 "Syng med oss" i Nain. Fri inngang og servering. God, heimelaga mat, loddsal med fine vinstar og vakker song.
25.september "Open øving" i gymsalen Skulestad skule. Dette var ikkje akkurat ein konsert, men me inviterte sambygdingar til å koma og sjå og høyre korleis det er når me øver.
26.april 2026 Minikonsert, Granvin aldersheim
25.april 2026 Kortreff i Ullensvang saman med 5 andre kor frå Hordaland (Bergen Mannskor, Eidsvågkoret, Fjellkoret, Haukeland Songlag, Paradur. Framføringar på "Singers Corner", i konferansesalen Hotel Ullensvang og i Ullensvang kyrkje
22. mars 2026 "Syng med oss" i Nain. Populært arrangement med heimelaga mat, loddsal, fine vinstar og vakker song frå publikum.
17.desember 2025 i Bolstad kapell, 19.desember i Nain og 21. desember i Vinje kyrkje: Jolakonsertane "JOL over bygda" saman med Strendingen.
5. desember i Kulturhuset var me saman med mange andre lag på festen for å feira at Voss var nominert til Årets kulturkommune i 2025. Her var fleire innslag frå det rike kulturlivet vårt (inkl. frå Bygdaklang!) Dette var og ei feiring av alle dei som gjer Voss til ein stad med skaparglede og sterke kulturtradisjonar.
2.november 2025 "Syng med oss" i Nain. Fullsett sal med vakker song, god mat og fine vinstar
13. og 14.juni 2025 framførte me "Skifersongen" i Hedleberget på Kyte. Nokre bilete frå framføringa (foto: Inger Johanne Gullbrå):




For dei som abonnerar på "Hordaland" kan de lesa ei flott omtale, og også der fine bilete i reportasjen "Skifer, streik og kjærleik – bli med til Hedleberget!"
